Sommerrestauranten er nå åpen i hele juli!

Ellers i året kan vi tilby minnestunder, feiring av store dager osv. Dere må helst være over 40 personer.

Ta kontakt med Anette: rydstaleanette@gmail.com

eller på tlf 952 49 878 for mer info og bestilling.

Det vil bli ulike arrangementer utover høst og vinter som Afternoon tea og julebord osv. Mer info kommer snart…

Du finner oss rett forbi rundkjøringen på Tjeldstø og første vei til venstre.

Alvheim gamle skule historie

Gerhard Garatun Tjeldstø, har skrevet om skolen som ble bygd i 1885 i utemarka mellom Alvheim og Tjeldstø: Skulen var plassert der for at alle som høyrde til skulen skulle ha like lang veg. Det var ikkje opparbeidd veg gjennom utemarka så ungane gjekk gjennom lyngtuver og myrer i treskorne sine.

Det nye huset ruvde som et slott i fattiglandet; to skulestover skilde frå kvarandre med eit lærarrom, i etasjen over var det lærarbustad og no skulle læraren og kona hans bu der. Heretter skulle læraren sleppa den lange vegen i all slags vær mellom Skjold og arbeidsplassen.

Det går vidare fram at Gerhard lika seg godt på skulen, og det hende han gjekk ærend for lærarkona for å handle, då fekk han gjerne noko godt til takk.

Dette forholdsvis nye og fine skulehuset brann ned til grunnen hausten 1933.

To brør som budde på Nakken kom til, men alt ein klarte å redda ut var orgelet.

Gjenreisinga etter brannen tok eit år og hausten 1934 stod nybygget ferdig.

(det huset som du nå sitter i)

Det var ei storhending då me fekk flytta inn der kunne Anna Sørhaug fortelje. Huset var både stort og moderne etter den tidas målestokk med nye flotte pultar og ei grøn tavle malt rett på veggen. Det var innlagt vatn og drikkefontene ute i gangen. Me storkosa oss i det nye huset. Alle treskorne måtte stå i gangen, og læraren gjekk med tøflar inne. Med denne ordninga sparde ein mykje arbeid med vasking. Skulen vart berre vaska ein til to gonger i veka, og det var mødrene til elevane som byttest på å vaska.

Kristendom var det viktigaste faget og elevane hadde ikkje anna å lesa i enn kristendoms-bøkene sine, derfor vart læringsresultatet varierande. Somme lærde aldri å lesa. Elevane fekk læra lite grann skriving og rekning, og gutane fekk læra geografi, mange meinte det var bortkasta tid å plaga jentene med slikt. Det måtte greia seg når gutane fekk læra faget, dei som skulle reisa langs kysten på fiske eller til sjøs.

Elevane vart ikkje alltid flytta opp ein klasse sjølv om alderen tilsa det. Det kom mellom anna an på kor flink ein var, og om det var ledig pult i klassen.